Temakveld: Ein god digital barndom

Ein god digital barndom

Måndag 7. april vart temakvelden «Ein god digital barndom» arrangert på Kulturhuset i Sogndal. Ungdommane frå ressursgruppa losa ein godt fylt opp storsal trygt gjennom kvelden.

Første føredragshaldar ut var hjerneforskar og lege Ole Petter Hjelle. Frå forsking kunne han fortelje at me plukkar opp telefonen så mykje som 250 gonger i døgnet, og at mange brukar 4-6 timar på telefonen kvar dag – dette på noko ein ikkje brukte tid på i det heile for 15-20 år sida! Så kva gjer me mindre av no? Både søvn, fysisk aktivitet og det å vere sosiale (med fysisk oppmøte) er noko me gjer mindre av i dag. Alt dette har betydning for korleis me har det i liva våre, og basert på forsking ser ein at det er samanheng mellom kor mykje tid ein er på sosiale media og den mentale helsa. Hjelle poengtera at sjølv om ein kan gå lengre utan mat enn utan søvn, behandlar me behova på ulikt vis; er med svoltne et med mat, er med trøytte drikk me kaffi i staden for å prioritera søvn.

Skjermane er ekstremt tilgjengelege - dei er laga for å gjere oss avhengig og i tillegg treng vi dei.  For at ungane våre skal kunne få gode skjermvanar er me nøyde til å starte med oss sjølv – dei ser kva me gjer sjølv, ikkje berre kva me seier at me og dei skal gjere! Men me klarer ikkje styre skjermbruken aleine, me treng litt dra-hjelp. Me har reglar for alt som er skadeleg for barn og unge, som aldersgrense for alkohol og tobakk, men innan teknologi er det nærast «fritt vilt». Kanskje treng me noko regulering av skjermbruk og; for eksempel har Australia laga lov med aldersgrense 16 år for SOME. Hjelle anbefaler å lage reglar saman med borna om bruk av skjerm:

  • Lag reglar saman med borna om bruk av skjerm i «fredstid»-  ikkje begynn med reglane etter dei har spelt i 5 timar i strekk

  • Fokuser gjerne på kva anna ein kan gjere i staden for skjermen – om ungane er ute og driv med aktivitet eller er sosiale (eller søv meir!) er dei og mindre på skjerm!

  • Gje dei skryt når dei klarar å regulere bruken.

Politikontakt Stein Helge Selland var og på scena og svarte på spørsmål. I politiet ser dei at ungdom har mykje venner på Snap og dei tenkjer ikkje alltid på kva dei deler med kven; kven er dei 1200 snap-vennane eigentleg? Snakk saman i foreldrenettverk, lag felles køyrereglar - det er eit godt hjelpemiddel.

Stefan N. Halck var på scena som far og del av nettverk om digital barndom. På førebiletleg vis forklarar han korleis teknologigigantar har fått komme direkte inn i stua, skulen og alle delar av livet – heilt utan redaktørstyring slik alle andre media har! Men han understrekar samstundes at det nytter å gjere noko lokalt:

  • Prat saman! Me treng å bygge fellesskap rundt digitale barndom, snu denne «alle andre får lov», til «alle andre får ikkje lov» eller alle andre får lov til å ha den gode digitale kvardagen: Med mindre skjerm eller meir balanse

  • Vi kan få til utruleg mykje – de saman. Begynne å snakke saman, det kan vere de foreldra.

  • Sorter litt, det er lett å bli makteslaus. Fokuser på det me kan gjere noko med. Kva kan eg påverke og kva kan eg ikkje påverke? Det er bruk for alle. Tørr å bruke stemma!

  • La barna vere barn litt lenger - utan smarttelefon og sosiale media. Det handlar om det mest dyrebare me har.

Takk til Ole Petter, Stefan, Stein helge og ungdom.

Tips til betre søvn

  • Sett søvn høgare på prioriteringslista

  • Legg deg og stå opp til same tid kvar dag (ulik døgnrytme forstyrrar søvn – ein av dei største grunnene)

  • Ikkje bruk skjerm den siste timen før du skal legge deg - forstyrrar sjølv om den ligger utan lyd.

  • Ha det kjølig og mørkt på soverommet (tre søvnfasar) djup søvn den aller viktigaste, må senke kroppstemperaturen for å kome i djup søvn.

  • Koffein før kl. 12 på dagen (det kan ta ca 10 timar før koffein går heilt ut av blodet).

Forrige
Forrige

Tusen takk for gode tilbakemeldingar

Neste
Neste

Gratis Temakveld Ein god digital barndom