barnehagestart
Å starte i barnehagen er ei stor endring i livet for både barn og foreldre. I løpet av dagane med tilvenning er målet at barnet skal bli så trygg på dei vaksne i barnehagen at ho/han søker dei for trøst og nærleik, og ikkje berre foreldra. Når barnet sjølv søker den tilsette i barnehagen for trøst eller ei fang å sitte på, er det eit tydeleg teikn på tillit.Her finn de råd om korleis overgangen kan gå så smidig som mogleg: forslag til oppstartsbrev på fleire språk, konkrete råd til korleis de kan legge til rette for ein trygg og god oppstart og forslag til ein film som er fin for foreldre å sjå om oppstarten.
Før oppstart
Oppstartsbrev
Førebu familiar og barn med informasjon om oppmøte i samband med barnehageoppstart. Her finn du eit enkelt oppstartsbrev med moglegheit for å fylle inn informasjon. Du kan velje språk øvst på sida:
informasjon om klede i barnehagen
Førebu familiar om kva klede det er lurt å ha i barnehagen. Dokumenta kan hjelpe til med å gi infomrasjon på morsmålet om m.a. praktisk kle, skiftekle og merking av kle. Kan hengast opp i barnehagen eller delast ut til føresette. Du kan velje språk øvst på sida:
tilvenning
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra legge til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Utdanningsdirektoratet har laga ein film de kan bruke som støtte i arbeidet når barn begynner i barnehagen.
Barnehageforskar May Britt Drugli gir konkrete råd til barnehagetilsette om korleis ein best mogleg kan legge til rette for ein trygg og god oppstart for barn som begynner i barnehagen rundt 1. års alderen. Til dømes viktigheta av å invitere til fleire besøk, om samhandling med foreldre og kvifor barna treng tett oppfølging den første tida etter at foreldra ikkje er til stades lenger.
Barnehagetilsette: Råd for tilvenning til barnehagen for dei minste.
Laga av RKBU Midt - Norge - Institutt for psykisk helse NTNU
Foreldre og barnehagestart - slik hjelper du ettåringen din.
Videoen har undertekst på Engelsk, Somalisk, Arabisk, Litauisk, Polsk og Norsk.