Om Prosjektet

Livsmeistring- robuste barn og unge var eit samarbeidsprosjekt for Luster- og Sogndal kommune i perioden 2020 - 2025. Satsinga er ein del av Helsedirektoratet sitt program for folkehelsearbeid i kommunane der hovudmålet er å fremje befolkninga si psykiske helse og livskvalitet, og eit godt rusførebyggande arbeid med barn og unge som prioritert målgruppe.  

Prosjektperioden er over, men tiltaka som er utarbeida lev vidare gjennom denne nettressursen. Meistrelivet.no vart frå 2025 -2026 utvida til å bli ein felles ressurs for kompetanseregion Sogn som består av seks kommunar: Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal kommune.

Innhaldet vi har laga er fritt tilgjengeleg og vi viser kvar vi har henta inspirasjon og kjelder frå både i lærarrettleiingane og i notat til lysbildene.

Mål med prosjektet

  • Å utvikle eit heilskapleg og systematisk løp for livsmeistring frå barnehage og ut grunnskulen.

  • Gje ungane like moglegheiter til å utvikle ei robust psykisk helse uavhengig av kva barnehage/skule dei går på eller kva lærar dei har.

  • Etablere eit systematisk foreldresamarbeid i barnehage og skule som gir eit fleksibelt og opent samarbeidsklima både mellom føresette og mellom barnehage/skule og heimen

  • Styrke foreldrekompetansen slik at føresette vert tryggare i rolla si.

  • Bidra til eit inkluderande og støttande klassemiljø som styrkar den einskilde elev og opplevinga av å høyre til i eit fellesskap

Tiltak

For å sikre eit likt opplæringstilbod er vi i gang med å utarbeide eit årshjul for det tverrfaglege temaet Folkehelse og livsmeistring som eige fag på timeplan for 1. – 10. trinn. Til dømes vil ungane få jamleg opplæring i kropp, grense og seksualitet frå barnehage og ut grunnskulen. Tema og undervisningsopplegg er forankra i læreplanverket.

Frå hausten 2024 vil nokon skular i Luster kommune prøve ei time i veka med tema innan Folkehelse og livsmeistring. Vi skal skaffe oss ei oversikt over eksisterande materiell og legge til rette for at det skal vere enkelt for lærarane å ta det i bruk.

Vi er oppteken av fellesskapskjensla og å bygge gode vanar frå ung alder. I læringsprosessen vil det bli lagt stor vekt på leikar som involvera elevane.

Forsking viser at det er viktig med små drypp om tema gjennom heile skuleløpet for at elevane skal få eit best mogleg utbytte av undervisninga, noko ungdommen sjølv også har uttala at dei ønskjer.

I tillegg skal vi utarbeide ein felles standard med tilhøyrande årshjul for barnehage/skule- heimsamarbeid. Dette for i større grad legge til rette for at føresette skal ha ein positiv innverknad på barn og unge sin barnehage - og skulekvardag. Vi skal m.a. utvikle gode foreldremøte.

Satsingsområde i kommunane

Med Oppvekstreformen som bakteppe så vert kommunane oppmoda om å satsa endå meir på førebygging og tidleg innsats. Tiltaka som skal prøvast ut vil vera med på å styrka det førebyggjande arbeidet i barnehagane og i skulane i Luster- og Sogndal kommune.

Sjå film om prosjektet:


OM PROSJEKTET: Prosjektleiar Marte Krogstadmo fortel om prosjektet, i tillegg fortel ungdom, helsesjukepleiar og politiet kvifor det er viktig å bygge robuste barn og unge.

Vil du vite meir om prosjektet? Kontakt oss gjerne.