Foreldremøte

Føresette er ein uvurderleg ressurs i barna sine liv. Deira involvering, støtte og engasjement har stor verdi for utvikling , motivasjon og trivsel i skulen. Føresette kjenner barna sine best og kan bidra med verdifull innsikt og informasjon som kan hjelpe lærarar med å gi barna ein best mogleg skulekvardag.

Under finn du tips til korleis organisere foreldremøte, forslag til tema på foreldremøte og malar til bruk i samtalar.

Foreldremøta er ein viktig del av samarbeidet mellom skulen og heimen, og har fleire formål:

  • Foreldra får informasjon frå skulen, om til dømes innhaldet i skulekvardagen, trivsel, kva tema elevane arbeider med i perioden, retningslinjer, system og utfordringar i gruppa

  • Foreldremøta er ein viktig arena for å skapa dialog mellom skulen og foreldra og å leggja til rette for felles språk for å forstå barna og ungdomane. Korleis kan foreldra påverka skulekvardagen?

  • Foreldremøta er ein viktig arena for å byggja foreldrefellesskap, der foreldra kan verta kjent med kvarandre, knyta band og utveksla erfaringar

Tema til foreldremøte

Tema til foreldremøte for 8. trinn

trygg og god Skulestart

trygg på Nett/delbart

Tema på foreldremøte for 9. trinn

ungdomsmiljø

vennskap/ bygge laget

å vere god nok

Tema på foreldremøte for 10. trinn

vennskap/bygge laget

Eigne, gode val

du er viktig framleis