Ny i barnehagen
Å starte i barnehagen er ei stor endring for både barna og dykk foreldre. Det er den første store overgangen i barna sitt liv. Dei aller fleste barn i Noreg startar i barnehagen etter å ha tilbragt dei første månadane av livet heime med dykk. Frå å ha full merksemd retta berre mot seg, skal dei møte ein verd der dei må dele leiker, merksemd og trøst med fleire andre barn. Barnehagen skal i samarbeid med dykk legge til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen (Bufdir). På denne sida finn du informasjon om korleis de kan førebu dykk til barnehagestart, tilvenning og kvardagen i barnehagen.
tilvenning
Alle overgangar i livet er krevjande, fordi det handlar om å finne seg til rette i eit nytt miljø, fylle i ny rolle og etablere nye relasjonar. Samtidig kan overgangar kan gi nye moglegheiter for vekst og utvikling. Når små barn skal begynne i barnehagen er det viktig at det blir ein positiv erfaring for barnet. Her spelar de som foreldre ein veldig viktig rolle. I videoen får du konkrete og forskningsbaserte råd frå Barnehageforskar May Britt Drugli til korleis du best kan førebu og støtte barnet ditt før og under oppstarten i barnehagen. Til dømes korleis skape trygghet gjennom dagane med tilvenning, korleis etablere god kontakt med personalet, og korleis du bør støtte barnet den første tida for å dempe stress.
Foreldre og barnehagestart - slik hjelper du ettåringen din.
Videoen har undertekst på Engelsk, Somalisk, Arabisk, Litauisk, Polsk og Norsk.
Nokon råd om oppstart
Gjer dykk kjent med uteområde til barnehagen, dei tilsette og kanskje nokon bøker eller songar på førehand. Mange barnehagar tilbyr barn som skal starte å kome på besøk før ein startar for fullt. Det er ein fin moglegheit til å bli kejnt med tilsette, lokale og uteområde. Stikk innom uteområde når barnehagen er stengt og bli kjent.
Bruk tilvenningsdagane godt til å bli trygge i barnehagen - både barn og foreldre.
Ikkje legg så mange andre planar den første tida i barnehagen. Det er nok nytt å fordøye for dei små.
Barnet ditt kan vise nye sider av seg sjølv i barnehagen. Ver open for at nye omgivnadar kan gi ny læring.
Avskjeder kan vere tøffe - ikkje minst for foreldra. Men ved å la dei tilsette i barnehagen trøste barnet, vert barnets band og tillit til dei styrka.
Barnehagen sett pris på god og open dialog med heimen.
Kjelde: bufdir.no/foreldrehverdag
barnehagekvardagen
Her finn de informasjon om kva kle som er lurt å ha i barnehagen. Informasjon finst på fleire språk. Du vel språk øvst på sida: