Barnehage

Å starte i barnehagen er ei stor endring for både barn og foreldre. Det er den første store overgangen i barns liv. Dei aller fleste barn i Noreg startar i barnehagen etter å ha tilbragt dei første månadane av livet heime med foreldra. Frå å ha full merksemd retta berre mot seg, skal dei møte ein verd der dei må dele leiker, merksemd og trøst med fleire andre barn. Barnehagen skal i samarbeid med foreldra legge til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen (Bufdir). På denne sida finn du informasjon om tilvenning, barnehagestart, ferdige opplegg/malar til foreldremøte med ulike tema, informasjon om foreldrenettverk og innhald til “Hjartesamling”.

hjartesamling