Illustratør: Gregory Iden
hjartesamling i barnehagen
Hjartesamling er eit pedagogisk verktøy tilpassa barn i barnehagealder. Det er bygd på Nok. sin modell for undervisning i grunnskulen, og utvikla gjennom eit samarbeid mellom Smiso Troms (senter mot incest og seksuelle overgrep) og Strandkanten FUS barnehage i Tromsø. Hjartesamling er ein metode for å kunne gje barn eit språk og verktøy til å kunne fortelje om det som er vanskeleg. Sentrale tema er berøringar, kjensler, vennskap, hemmelegheiter og kroppen.
Nok. tilbyr opplæring av dei tilsette i barnehagane- og det er ynskjeleg at de gjennomfører kurset før oppstart av Hjartesamling.