Foreldremøte
Foreldremøta er ein viktig del av samarbeidet mellom barnehage/skule og heimen, og har fleire formål:
Foreldra får informasjon frå barnehagen/skulen, om til dømes innhaldet i barnehagekvardagen/skulekvardagen, trivsel, kva tema barna/elevane arbeider med i perioden, retningslinjer, system og utfordringar i gruppa
Foreldremøta er ein viktig arena for å skapa dialog mellom barnehage/skule og foreldra og å leggja til rette for felles språk for å forstå barna og ungdomane. Korleis kan foreldra påverka barnehage- eller skulekvardagen?
Foreldremøta er ein viktig arena for å byggja foreldrefellesskap, der foreldra kan verta kjent med kvarandre, knyta band og utveksla erfaringar