foreldrerolla
å vere forelder
barn og unge si utvikling
Føredrag med Dora thorhallsdottir
21. mars 2022 fekk føresette og tilsette som jobbar med barn og unge oppleve eit inspirerande føredrag krydra med humor med relasjonsterapeut Dora Thorhallsdottir. Dora gav gode råd og konkrete reiskap til korleis skape ein nær, kjærleg og slitesterk relasjon til barn. Ho kom og med konkrete råd som er aktuelle i andre relasjonar; parforhold, venner, på arbeidsplassen etc.
Evna til å møte andre er avhengig av korleis me har det med oss sjølv.
Det gir ein magisk effekt å starte setningar med «Eg»: «Eg tenkjer at…» , «Eg vil at…» det er tydeleg og då tek du ansvar for kva du seier. Unngå å bruke «du, man, vi», det provoserer og er irettesettande.
Ver tru mot deg sjølv og ver tydeleg på eigne grenser: «Eg vil gjerne», «Eg vil ikkje». Det gir ikkje rom for tolking. Du er innom deg sjølv, det er indrestyrt og genuint. For å kunne hjelpe andre må du ha det godt med deg sjølv.
Skil sak og person og anerkjenn kjensler. Å tole barna sine kjensler er ubetinga kjærleik i praksis. Set ord på kjenslene: «Eg ser at du er sint, men eg vil ikkje at du slår systera di».
Fortel kva du vil og unngå å bruke ordet «ikkje» i starten av setninga. «Eg vil at du skal kome heim».
Me vaksne er rollemodellar. Barn gjer som me gjer og ikkje som me seier. Obs dersom me brukar mykje tid på telefonen sjølv.
Har barn god sjølvkjensle (liker seg sjølv som dei er) vil dei stå stødig i livet og tole store orkanar, vaksne må bygge opp sjølvkjensla og ikkje sjølvtilliten til barna: «Det er ikkje kva eg gjer som avgjer min verdi - men den eg er».
føredrag med marco elsafadi
Sjølvtillit og sjølvfølelse – korleis bygge eigen og andre sin sjølvtillit
Sjølvtillit er drivkrafta i mennesket. Kor stor tru har individet til eigne evner og prestasjonar? Sjølvtillit vert bygd gjennom meistring, repetisjon og erfaring, men også gjennom mental trening og bevisstgjering.Sjølvfølelse baserer seg på verdien i enkeltmennesket. Gode og trygge relasjonar skapar grunnlaget for eit godt forhold til seg sjølv. God sjølvfølelse gir auka livskvalitet.
føredrag med line marie warholm
Psykologspesialist og forfattar Line Marie Warholm inspirerte føresette og tilsette då ho 22. april 2024 heldt føredraget sitt “Fire vegar til robuste barn” i Sogndal kulturhus.
Hovudtemaet for kvelden var: Korleis gjer me barna våre meir robuste og i stand til å tole dei utfordringane livet bringer?
I foredraget ga Line Marie Warholm nokre tydelege råd og bodskap til vaksne i møte med barn:
Me treng ei endring frå å løfte fram individet til å løfte fram det kollektive – og frå å prestere til å bidra.
Me må lære barn og unge å inkludere. Viss me vil ha barn som tek ansvar for å invitere andre barn inn, kan dei ikkje berre tenkje på seg sjølv.
Barn treng ei solid, indre kjerne som står stødig i ei omskifteleg tid.
Løft blikket, ikkje fokuser på detaljane, men konsentrer deg om det viktigaste: Å lære barnet ditt sjølvstendig tenking, tole utanforskap og å fylle livet med meining gjennom å bidra.
Barn må få prøve seg på eiga hand og la dei få løyse situasjonar dei kjem i utan ei oppskrift frå oss vaksne. Dei aller fleste hendingar gir barn og unge moglegheiter for vekst og utvikling.
Foreldre er nøydd til å ta eigne val. Det som passar for ein familie, passar ikkje nødvendigvis for ein annan. Kva passar for deg og familien din?
Gode råd kan ikkje ta vekk ubehaget du som forelder må stå i når du har barn som møter utfordringar.
Ta ungdomstida meir på alvor. Det er ein stor jobb å gå frå det å vere ungdom til å bli vaksen. Me må tole det i møte med ungdommen.
Vaksne må støtte kvarandre i å sette grenser for barna. Aldersgrenser på til dømes sosiale medium er der for ei grunn.
Tole barna sine kjensler, tola at dei vert sinte.
Det er seg sjølv barn og unge skal like, ikkje oss vaksne. Å vera forelder eller lærar er ingen popularitetskonkurranse.