SAMLING 1: BERØRINGar

I denne samlinga utforskar vi omgrepet berøringar for å bli kjend med kva vi likar og kvar grensene våre går. Vi utforskar mangfaldet i barnegruppa og ser på likskap og skilnader. Her utforskar vi ulike berøringar og ser på om desse kan kategoriserast som gode, vonde, snille, slemme, rare, spennande osv. Vi ser og nærare på om berøringar endrar seg ut frå kven som gjer dei, eller i kva samanheng berøringa skjer.

EKSTRAMATERIELL

    • Thomas og Emma bøkene

    • Rygg, E. og Wide Aasland, M. (2009). Jeg er meg! Min meg.

    • Svatun, B. (2022). Rett eller galt. Cappelen Damm.

    • Bergsvik, K. I., Hatløy, J., Landro, H. H. (2020). Hele meg - om kropp og grenser i barnehagen. Pedlex.

    • Warberg, L. (2026). Ingrid Slår. Barna i Soltoppen barnehage.

    • Dahle, G., Nyhus, S. (2016). Blekkspruten. Cappelen Damm.

    • Friis, P. (2019). Barns seksuelle leker. Cappelen Damm akademisk.

    • Rydell, M. R., Wadman, E. M. (2017). Emma sier nei! Liv forlag. (Fra 3 år.)

    • Bøker, songar, rim og regler som passar til tema.

    • Venneberøring: Barna sitt to og to. Den eine stiller seg bak den andre og legg hendene på skuldrane. Hendene ligg roleg i eit eller to minuttar. Begge lukker auga og er heilt stille. Snakk med barna: Korleis kjendes det?

    • Barna går saman to og to, og byter på å massera kvarandre. Her kan dei til dømes “lage pizza” på kvarandre eller teikne på ryggen med fingrane.

    • Teikne ulike berøringar, teikne ei berøring du likar og ei du ikkje likar.

    • Å lage spa. Det er ein fin aktivitet der barna får øve seg på å sette grenser for seg sjølv. Skap stemning ved å bruke duftlys, kar med vatn, såpe og roleg musikk. Server drikke og frukt undervegs. Barna bestemmer sjølv i kva grad dei vil delta og om dei vil ha massasje på hender og føter.

    • Lær barna å seie STOPP! med handa si.

    • Rollespel der både barn og tilsette deltek.

    • Seie noko om kva me likar og ikkje likar.

    • Fleire tips til aktivitetar i boka: “Hele meg” av Kine Iren Bergsvik, Hilde Halvorsen Landro og Jeanette Hatløy.