fellesskap/bygge laget

Forsking viser at foreldra sitt engasjement i elevane sin skulekvardag er svært viktig for eleven sin læring og trivsel. God dialog mellom foreldre og skulen bidrar til støtte til kvar einskild elev og skaper eit godt miljø i klassen og på skulen generelt (Foreldreutvalgene.no).

I møte om fellesskap og bygge laget finn de informasjon om kva lovverket seier om samarbeid, forslag til ulike filmar med gruppeoppgåver knytt til tema, gode råd til foreldrerolla, informasjon om foreldrenettverk og forslag til spørsmål og aktivitetar foreldra kan gjere for å bli betre kjent med kvarandre.

Vel innhald som passar foreldregruppa/klassen og sett gjerne av litt tid til aktivitet før foreldra skal diskutere saman.