fellesskap/bygge laget
Forsking viser at foreldra sitt engasjement i elevane sin skulekvardag er svært viktig for eleven sin læring og trivsel. God dialog mellom foreldre og skulen bidrar til støtte til kvar einskild elev og skaper eit godt miljø i klassen og på skulen generelt (Foreldreutvalgene.no).
I møte om fellesskap og bygge laget finn de informasjon om kva lovverket seier om samarbeid, forslag til ulike filmar med gruppeoppgåver knytt til tema, gode råd til foreldrerolla, informasjon om foreldrenettverk og forslag til spørsmål og aktivitetar foreldra kan gjere for å bli betre kjent med kvarandre.
Vel innhald som passar foreldregruppa/klassen og sett gjerne av litt tid til aktivitet før foreldra skal diskutere saman.
-
-
Redd Barna: Godt fellesskap i klassen
Filmen er fin å vise før foreldre snakkar saman i grupper. Den er laga for barneskule, men er like aktuell på ungdomskulen. Korleis kan vi skape vennskap og eit godt fellesskap i klassen?
Redd Barna: Barn trenger vaksne som bryr seg
Filmen er fin å vise før foreldre snakkar saman i grupper. Den er laga for barneskule, men er like aktuell på ungdomskulen. Kor gode er vi foreldre til å gripe inn?
Smallfilm: Vaksne skaper vennskap – saman
-
Gruppe 1
Kva er eit godt samarbeid mellom heimen og skulen for deg?
Kva kan du bidra med for å skape eit godt samarbeid med skulen?
Kva kan du gjere for å få god dialog og godt samarbeid med dei andre foreldra i klassen til barnet ditt?
Kva kan du gjøre for å bli kjent med foreldra du ikke kjenner så godt fra før
Gruppe 2
Korleis kan de foreldre bidra til eit godt fellesskap i klassen slik at alle blir inkludert og har det godt og trygt saman?
Har de forslag til aktivitetar de kan arrangere med foreldre og ungane i klassen ?
Kva kan hindre familiar i å delta på sosiale treff og arrangement?
Korleis kan de sikre at alle ungane og foreldre kan vere med på aktivitetane?
Gruppe 3
Kva tenkjer du er det viktigaste du kan gjere for andre sine barn?
Tenk deg at du som forelder får kjennskap til at nokon i klassen ikkje har venner og er på utsida. Kva kan du gjere for å hjelpe?
På kva måtar kan de lufte bekymringar/gi tilbakemeldingar til andre foreldre om noko som har skjedd? Og er det greitt å melde ifrå til andre foreldre når du får vite om noko som har skjedd?
Gruppe 4
Korleis kan foreldre hjelpe kvarandre med å sette grenser for barna?
Kjenner du foreldra til barnet sine venner godt nok til at de kan samarbeide viss noko oppstår?
Korleis kan de som foreldre bidra til at ingen ungdommar i dette miljøet fell utanfor? Uansett kva val dei tek.
Kva slags vaksen ynskjer du at barnet ditt skal hugse deg som når dei ein dag ser tilbake på oppveksten sin?
-
Gode råd på vegen
Gå gjennom denne med foreldra, eventuelt skriv den ut og send med heim.
Ver den trygge vaksne som barna alltid kan ringe til viss noko skulle skje.
Skaff deg oversikt over kven som er foreldra til barna sine venner
Når du er usikker eller bekymra, ta kontakt med andre foreldre. Har du ei bekymring for kva barnet ditt gjer - så har garantert andre foreldre det og .
Bli einige med andre foreldre om innetider.
Skal barnet ditt overnatte, ring og sjekk at det er vaksne heime der.
Set trygge grense og diskuter gjerne med andre foreldre.
Ver nysgjerrige på barna sine liv!
Samarbeid til det beste for barna: Vi ønsker å kome tidleg på bana - Har du ei bekymring eller vil ta opp stort eller smått, kontakt sosiallærar, ungdomslos, helsesjukepleiar eller andre tilsette ved skulen.
Gode nettstadar om foreldrerolla
Internett og sosiale media
Ver kritiske til kva appar og nettstader barna bruker, hugs at myndigheita anbefala ei aldersgrense på 15 år for visse appar og tenester.
Snakk med barna om kva dei møter på nettet, inkludert pornografi og anonymitetsappar.
Hugs at foreldre er juridisk ansvarlege for kva som skjer på ungane sine telefonar.
Hjelp barna til å ta gode val – snakk med dei om:
Kva betyr det å vere ein god ven?
Viss de får tilbod om alkohol eller andre rusmiddel?
Opplever de negative ting på nett?
Ta kontakt med vaksne i vanskelege situasjonar.
-
Fellesskap/bygge laget: Last ned økta her
Økta inneheld forslag til korleis de kan gjennomføre foreldremøte med tema fellesskap/bygge laget. Den inneheld forslag til førebuing, organisering og innhald til sjølve møte. Her kan de plukke det som passar klassen din, det er ikkje meininga å rekke gjennom alt på eit møte.