SAMLING 2: FØLELSAR

I samlinga om følelsar utforskast sjølve omgrepet og det øvast på å setjast ord på følelsane. Dette handlar i hovudsak om å bli vand til å utrykkje korleis vi har det, kva vi likar eller ikkje likar. Her utforskast kva som gjev oss desse ulike følelsane, og om det er fleire vegar til same følelse. Kanskje er vi berre ulike og får ulike følelsar av dei same tinga (Nok. Sogn og Fjordane).

EKSTRAMATERIELL

  • Her er eit døme på korleis de kan gjennomføre ei samlingsstund om følelsar for småbarn:

    Samlingsstund følelsar

    • Saunders, K. (2025). Følelser. Bok med klaffer. Lille Zebra.

    • Gordon, K. (2019). Følelser. Sandviks AS.

    • Couturier, S., Poignonec, M. (2024). Min første bok om følelser. Fontini forlag.

    • Couturier, S., Poignonec, M. (2021). Følelsene fra glad til gråt. Fontini forlag.

    • Couturier, S., Poignonec, M. (2020). Følelsene - seks små bøker oms tore følelser. Fontini forlag.

    • Tourlonias, J. (2023). Mine aller første ord om følelser, kropp og familie. Bonnier norsk forlag.

    • Heilala, K., Kaarla, R., Kaarla, S. (2025). Følelser. Cappelen Damm.

    • Næsheim, K., Stamp, J. (2025). Fantus og følelsene. Vigmostad Bjørke.

    • Lindman, M. (2018). Minsten er sint. Cappelen Damm.

    • Rûbel, D. (2011). Glad, sint, redd. Schibsted.

    • Scheffler, A. (2021).Tramp og Line. Det skumle monsteret. Omnipax.

    • Bergsvik, K. I., Landro, H. H., Hatløy, J. (2020). Hele meg. Pedlex.

    • Bøker, songar, rim og regler som passar til tema.

      • Lesestund.

      • Song: Er du veldig glad og vet det.

    • Skriv ut bilde av ulike følelsesuttrykk, og ha bilda tilgjengeleg for barna på vegg og golv.

    • Lag ein boks med bildekort av ulike følelsesuttrykk som barna kan trekke frå i til dømes samlingsstund. Barna kan herme etter følelsen på bildet.

    • Formingsaktivitet

      • Fot- og/ eller handtrykk.

      • Sette ulike følelsar på formingsaktiviteten.

      • Fingermåling: måla gode og vonde følelsar. Har følesane ulike fargar?

    • Lese følelsar utifrå ansiktsuttrykk - la barna få prøve å herme etter deg.

    • Gi barna erfaring med tema i kvardagssituasjonar og i samlingsstunder.

    • Musikk set i gong følelsar hjå barn og vaksne. La barna bli kjent med ulike sjangra som klassisk, rock, folkemusikk og barnemusikk.

    • Sjå fleire tips til aktivitetar i boka “Hele meg” av Kine Iren Bergsvik, Hilde Halvorsen Landro og Jeanette Hatløy.

    • Idebroen: Følelser