SAMLING 5: HEMMELEGHEITER
I samlinga om hemmelegheiter er målet å finne fram til ei felles forståing av omgrepet og det handlar i stor grad om å leggje vekt på at det alltid er lov å fortelje. Uansett kva hemmelegheit ein ber på, og spesielt dersom det er ein hemmelegheit som opplevast som vond eller vanskeleg, eller noko ein treng hjelp med. Her jobbar vi og mykje med omgrepet «trygge vaksne», som også er tema på dei andre samlingane (Nok. Sogn og Fjordane).
EKSTRAMATERIELL
-
-
Bergsvik, K. I., Landro, H. H., Hatløy, J. (2020). Hele meg. Pedlex
Moore-Mallinos, J. (2010). Har du en hemmelighet? Avenir forl.
Sandemose, I. (2004). Hemmeligheten. Cappelen
Matheo lærer om hemmeligheter, Barna i Soltoppen barnehage. (2025). Boka er skreve av pedagogar. Inspirica AS
Schei, S. (2015). Barnestemmen. Pedagogisk verktøy bestående av åtte nydelege bøker retta mot barn og tilsette i barnehage og småskulen
Barnas verneombud. Samtalekort om kropp og grenser.
Statens barnehus. Samtalekort om kroppsregler
-
Bøker, songar, rim og regler som passar til tema.
Øv på å sei hyggelege ting til kvarandre.
Lær barna at det er trygt å sei i frå til vaksne om dei opplever noko vanskeleg og vondt, og gi dei erfaring med at dei vaksne tar dei på alvor og hjelper dei.
Det kan vera vanskeleg for barna å komma med eksempel. Legg til rette for rollespel og bruk enkle rekvisittar til å forsterka bodskapet. Ha samtalar i etterkant.
Bruk konkretar som kan vera med å symbolisera følelsane inni oss. Dette kan vera sommarfuglar, fjær, rødt hjarte, stein, svart hjarte med meir.
-