10. trinn
Tema: kjensler
Tema og innhald i undervisningsøktene for 10. trinn er m.a.
Kva er forskjell på vanlege, vonde kjensler og psykiske plager eller lidingar?
Kva fortel kjenslene våre oss?
Kjensler i puberteten
Korleis handtere kjensler?
Kjensle-bingo
Alias med kjensler
Indre kritikar og kjensla av å ikkje vere god nok
-
Aktuelle kompetansemål etter 10. trinn:
KRLE
• Utforske perspektiva til andre og handtere usemje og meiningsbryting
• Reflektere over eksistensielle spørsmål knytt til det å vakse opp og leve i eit mangfaldig og globalt samfunn
Samfunnsfag
• Reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar
-
«Man kan få ut ting man har hatt inni seg. Hvis ikke man gjør det, får man en klump i magen eller i halsen. Med den klumpen er det vanskelig å holde fokus»
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 10. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 10. klasse det eine året til 10. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.