3. trinn
Tema: kjensler
I dette kjensler skal elevane skal lære å kjenne att og øve på å sette ord på kjensler, forstå at kjenslene har ein viktig funksjon og at dei kan gje oss viktig informasjon i kvardagen. Elevane skal tolke ulike bilder og snakke saman under pulten om kva dei trur har skjedd på dei ulike bilda. Øktene inneheld aktivitetar som mimeleik, lytteøving og pusteøving. Klassen skal og lage eit felles kunstverk med ulike kjensler over fleire økter.
-
Aktuelle kompetansemål etter 4. trinn
KRLE
Sette seg inn i og formidle andre sine tankar, følelsar og erfaringar
Naturfag
Samtale om kva fysisk og psykisk helse er og drøfte korleis livsstil og trivnad påverkar helse
Norsk
Beskrive, fortelje og argumentere munnleg og skriftleg, og bruke språket på kreative måtar
Utforske og formidle tekstar gjennom samtale, skriving, leik, bevegelse og andre kreative uttrykk
-
“Det er gjennom å få egne følelser forstått og bekreftet av andre, at vi forstår oss selv. Og det er i kontakten med våre egne følelser vi utvikler forståelse for andre mennesker”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 3. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 3. klasse det eine året til 3. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.