8. trinn
Tema: kjensler
Kvar går grensa mellom vanlege, vonde kjensler og psykiske plager eller lidingar? Kva fortel kjenslene våre oss? Kva behov treng vi å få dekka når vi kjenner ei kjensle? Korleis handtere kjensler? Korleis klare å stå i alt det ubehagelege vi møter på, og når bør vi søke hjelp? Kva er primærkjensler og sekundærkjensler? Kjensle av å ikkje vere god nok? Forventingar og press er spørsmål og tema i undervisninga for 8. trinn. Det er og aktivitetar som vennebingo, alias og pusteøvingar i øktene.
-
Aktuelle kompetansemål etter 10. trinn:
KRLE
• Utforske perspektiva til andre og handtere usemje og meiningsbryting
• Reflektere over eksistensielle spørsmål knytt til det å vakse opp og leve i eit mangfaldig og globalt samfunn
Samfunnsfag
• Reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar
-
“Man kan få ut ting man har hatt inni seg. Hvis ikke man gjør det, får man en klump i magen eller i halsen. Med den klumpen er det vanskelig å holde fokus”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 8. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 8. klasse det eine året til 8. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.