SAMLING 4: KROPPEN

Skummelt å snakke om kroppen?

I samlinga om kroppen er målsettinga å bli kjend med heile kroppen. Vi fokuserer på å få samtalar om korleis det vert baby i magen og korleis vi kjem til verda. Her må den vaksne vere konkret og sei ting som dei er. Formålet er å gje mest og best mogleg informasjon. Det å ikkje ha grunnleggande kunnskap om kroppen og kva den brukast til kan vere ein sårbarheitsfaktor. Barn må lære om seksuelle handlingar og at det å lage barn er noko som høyrer til i dei vaksne si verd. På denne måten lære dei at det er feil og (gale) dersom dei sjølv har opplevingar som liknar. Aasland (2015) poengterer at barna dannar seg førestillingar om korleis barn vert til og kva vaksne gjer saman for at barn skal bli til, gjennom å plukke informasjon her og der. Ved at vaksne ikkje fortel dei om tema kan barn lett danne seg feilaktige, kanskje nokre gongar skadelege førestillingar om korleis det heile heng saman (Nok. Sogn og Fjordane).

EKSTRAMATERIELL