SAMLING 4: KROPPEN
Skummelt å snakke om kroppen?
I samlinga om kroppen er målsettinga å bli kjend med heile kroppen. Vi fokuserer på å få samtalar om korleis det vert baby i magen og korleis vi kjem til verda. Her må den vaksne vere konkret og sei ting som dei er. Formålet er å gje mest og best mogleg informasjon. Det å ikkje ha grunnleggande kunnskap om kroppen og kva den brukast til kan vere ein sårbarheitsfaktor. Barn må lære om seksuelle handlingar og at det å lage barn er noko som høyrer til i dei vaksne si verd. På denne måten lære dei at det er feil og (gale) dersom dei sjølv har opplevingar som liknar. Aasland (2015) poengterer at barna dannar seg førestillingar om korleis barn vert til og kva vaksne gjer saman for at barn skal bli til, gjennom å plukke informasjon her og der. Ved at vaksne ikkje fortel dei om tema kan barn lett danne seg feilaktige, kanskje nokre gongar skadelege førestillingar om korleis det heile heng saman (Nok. Sogn og Fjordane).
EKSTRAMATERIELL
-
Her er døme på korleis de kan gjennomføre samlingsstund om tema kropp for storbarn:
-
Fiske, A. (2020). Alle har en bakside. Cappelen Damm
Leone, A., Johansson, B. (2022). Bare rumper. Cappelen Damm
Leone, A., Johansson, B. (2023). Bare rumper på stranda. Cappelen Damm
Friis, P. (2019). Barns seksuelle leker. Cappelen Damm akademisk
Rashidi, K., Sandnes, H.J. (2025). Din fantastiske kropp. Cappelen Damm
Torgersen, T.V. (2003). Kroppen. Aschehoug
Wolde, G. (2002). Thomas går til doktoren. Aschehoug
Wolde, G. (2002). Thomas og Kristine. Aschehoug
Rygg, E., Wiede Aasland, M., Morka, G.H. (2009). Jeg er meg! Min meg. Høyskoleforlaget
Fiske, A. (2020). Hvordan lager man ein baby? Cappelen Damm
Bergsvik, K. I., Landro, H. H., Hatløy, J. (2020). Hele meg. Pedlex
Sarah R. Herlofsen, S. R., Haukebø, M. (2022). Livets fantastiske reise. Spartacus
Stowell, L., Leake, K. (2013). Titt inn i kroppen. Go 'boken
-
Bøker, songar, rim og regler som passar til tema: Songar: "Hovud , skulder....", "Alle barna klapper.... ", "Du har to auge som.....", "Tommel finger …", "Vi har ei Tulle..."
Teikn omriss av kroppen på papir i stort format og skriv namn på kroppsdelane
Skriv ut bilder/ta bilder av auge, nase, munn og heng opp på veggen i barnehøgde
La barna få klippe frå vekeblad og aviser, og lag plakatar
Yoga - sjå forslag under verktøy for å styrke barn si psykiske helse
Lage hus med familie i som heng på veggen i barna si høgde
Fleire tips i boka “Hele meg” av Kine Iren Bergsvik, Hilde Halvorsen Landro og Jeanette Hatløy
Idebroen: Kroppen
-
Æ e mæ: 5 åringer - hvordan blir vi til
Salaby barnehage: Kroppen (Innlogging med Feide)
RVTS: Tiltak for å fremme sunn seksuell utvikling: Barnehageveileder
-
90 % av norske barn i alderen 1- 5 år (97% av alle fem-åringar), gjekk i barnehage i 2015. Dette gjer at barnehagen er ein av dei viktigaste samfunnsarenaene utafor heimen. Det inneber at barnehagen er ein svært viktig folkehelsearena for dei yngste i befolkninga. Grunnlaget for god seksuell helse vert lagt allereie tidleg i småbarnsalder. Barna oppdagar og utforskar sin eige seksualitet, kjønnsidentitet og seksuelle identitet og stiller spørsmål relatert til kropp, kjønn og reproduksjon allereie frå 3-4 års alder. Kunnskap om kropp, kjensler og relasjonar er viktige forutsetningar for at barna utviklar meistringskompetanse for eige helse, og legg grunnlaget for ein helsefremjande livsstil og val seinare i livet (Snakk om det! Strategi for seksuell helse 2017 -2022).