1. trinn

Tema: mangfald

I undervisninga om mangfald skal elevane bli kjent med kva mangfald er, kvifor menneske har ulike meiningar og tek ulike val og korleis menneske i ulike delar av verda påverkar livet til kvarandre. Elevane skal snakke om kvifor det er fint at vi er forskjellige, kva dei trur hadde skjedd om alle såg heilt like ut, korleis dei er like, og korleis dei er ulike frå folk i familien sin, kva er bra med å vere nysgjerrig på andre sin kultur eller måte å vere på, kva betyr det at vi er ulike, men like mykje verd og kvifor det er viktig at alle får vere med i samfunnet, uansett korleis vi er. Elevane skal bli kjent med andre språk, ord og flagg og lese eit eventyr frå eit anna land. Aktivitetane i undervisninga legg vekt på eit inkluderande fellesskap dei dei skal lage tankekart, ha mangfaldsbingo, tenkestund og pusteøvingar. I økta om funksjonsmangfald skal elevane snakke om kva rettferdighet faktisk kan vere i praksis og kva det har å seie for å føle seg inkludert og eit likeverdig medlem av gruppa eller aktiviteten.

  • Kompetansemål etter 2. trinn

    Samfunnsfag

    • Beskrive og gi døme på mangfald i Noreg, med vekt på ulike familieformer og folkegrupper, inkludert det samiske urfolket.

    • Utforske og gi døme på korleis menneske i ulike delar av verda påverkar livet til kvarandre.

    • Reflektere over kvifor menneske har ulike meiningar og tek ulike val.

 
 
«Ingen blir født med et hat mot andre på grunn av hudfargen deres, bakgrunnen deres eller religionen deres. Hat må læres, og hvis folk kan lære å hate, kan de også lære å elske, for kjærlighet faller mer naturlig for menneskehjertet enn hatet gjør»
— Nelson Mandela
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 1. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 1. klasse det eine året til 1. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

2. trinn