4. trinn

Tema: mangfald

I undervisninga om mangfald skal elevane bli kjent med kva identitet, mangfald , kultur og fellesskap er og reflektere over korleis det kan opplevast å ikkje vere ein del av fellesskapet. Kva betyr menneskeverd, respekt og toleranse? Kva er det som gjer at eg er akkurat meg? Er eg meg på same måte i alle situasjonar? Er det noko ved meg som alltid vil vere likt, også når eg blir vaksen? Elevane skal teikne portrett av kvarandre, snakke om kva som er typisk norsk og kva som er bra med å kjenne nokon som er annleis enn ein sjølv? Dei skal ha aktivitetar knytt til mangfaldig mat, ulike samarbeidsoppgåver og leik som synleggjer liksakapar og ulikskapar. Elevane skal reflektere over korleis det kan opplevast å ha ulike funksjonsnedsetjingar, kvifor er det viktig at alle får vere med i samfunnet, uansett korleis vi er? Kva trur du kan hindre nokon i å vere med på alt dei har lyst til? Elevane skal snakke om kva rettferdighet faktisk kan vere i praksis og kva det har å seie for å føle seg inkludert og eit likeverdig medlem av gruppa eller aktiviteten.

  • Kompetansemål etter 4. trinn

    Samfunnsfag

    • Samtale om identitet, mangfald og fellesskap og reflektere over korleis det kan opplevast ikkje å vere ein del av fellesskapet

    KRLE

    • Samtale om kva menneskeverd, respekt og toleranse betyr og kva det inneber for korleis vi lever saman

 
 
«Ingen blir født med et hat mot andre på grunn av hudfargen deres, bakgrunnen deres eller religionen deres. Hat må læres, og hvis folk kan lære å hate, kan de også lære å elske, for kjærlighet faller mer naturlig for menneskehjertet enn hatet gjør»
— Nelson Mandela
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 4. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 4. klasse det eine året til 4. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

3. trinn

Neste
Neste

5. trinn