2. trinn

Tema: Rus

Første økta handlar om rus i heimen. De bør vere to vaksne og helsesjukepleiar bør vere tilgjengeleg etter økta. Elevane skal lære om at alle barn har rett på ein trygg heim og at det er viktig å seie ifrå viss dei ikkje har det godt heime. Dei skal lage ei teikneseriestripe om nokon som fortel ein hemmelegheit, teikne kva dei liker å gjere saman med familien sin, sjå ein episode om “Bli med heim” der Anna Olivia må bu hos mormora si, snakke om kva ein trygg vaksen er og kven dei kan fortelje til dersom det er noko som er vanskeleg, dei skal teikne draumehuset sitt, ha mimeleik og pusteøving. Økt 2 handlar om avhengighet, kva treng vi for å ha det godt i livet? Her er det ulike teikneoppgåver, samtale om skjerm og avhengighet, leik, bygg ein heim og roleg aktivitet. Det er nok innhald i dei to øktene til å jobbe med tema kvar veke i april. Bruk tid der elevane vert engasjerte.

 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 2. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 2. klasse det eine året til 2. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

1. trinn

Neste
Neste

3. trinn