7. trinn

Tema: Rus

Elevane skal m.a. snakke om kva det betyr å vere avhengig av noko, kva vi er avhengige av, kva vi kan bli avhengig av som ikkje er bra for oss, kva skjer i hjernen når ein er avhengig av noko, kva er lovlege rusmiddel ein kan bli avhengig av og kva ulovlege rusmiddel finst. Aktivitetar i øktene er m.a. å lage ein behovspyramide, diskutere ulike påstandar og øving om gruppepress: øve seg på å seie nei. Økt 3 handlar om å vekse opp i ein heim med rus, i denne økta bør de vere to vaksne og helsesjukepleiar bør vere tilgjengeleg etter økta. I den siste økta skal dei lage eige stigespel som symboliserer livet – med oppturar, nedturar, utfordringar og flaks. ​

  • Undervisninga om rus har som mål å gi elevar kunnskap for å kunne ta ansvarlege val, forstå risiko og utvikle dømmekraft. Fokuset er haldningsskapande arbeid, refleksjon og meistring i dialog med elevane (Utdanningsdirektoratet 2020).

 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 7. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 7. klasse det eine året til 7. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

6. trinn

Neste
Neste

8. trinn