SAMLING 3: VENNSKAP
Seier ein god morgon til alle?
I samlinga om venskap jobbar ein mot ei mest mogleg felles forståing av respekt, inkludering og venskapelege samspelsmønstre i barnegruppa. Det blir retta fokus på korleis det kjennest for barn som ikkje vert inkludert og som blir dårleg behandla av andre. Kva barn kan gjere dersom dei opplev dette, enten frå andre barn eller vaksne. Ut frå erfaring skjønar ikkje barn kva mobbing tyder. Vårt mål er at barn skal få handlingskompetanse til å kjenne igjen når dei opplev mobbeåtferd og fortelje om det til trygge vaksne. På den måten kan dei tilsette sine handlingar og kunnskap hjelpe barn til å få ei god og meiningsfull oppleving av fellesskapet, samt arbeide førebyggjande mot mobbeåtferd i tidleg alder. Vi brukar ikkje omgrepa mobbar eller mobbeoffer. Dette fordi vi ikkje ynskjer å stigmatisere barna som offer og vondsinna/ansvarlege, men sette fokus på handlingane, og at ansvaret ligg hos dei vaksne. Saman kan ein finne ut korleis ein kan unngå eller førebyggje mobbing (NOK. Sogn og Fjordane).