10. trinn

Tema: verdiar og val

Kven er du? Kven vil du vere om 5 år? Kva verdiar har du?​ Kvar trur du verdiane dine kjem frå? Kva er du stolt av ved deg sjølv? Kva for ulike identitetar eller roller har du i ulike settingar? Korleis blir du påverka av andre sine val? Er det lett å ta eigne val? Kan du seie nei til ting som bryt med verdiane dine? Korleis kan du bidra til at dei rundt deg opplev samhald og tilhøyrsle? Kva håpar du andre ser i deg? Dette er nokon av spørsmåla elevane skal reflektere og jobbe med i tema verdiar og val. Elevane blir godt kjent med skulen sitt verdigrunnlag gjennom ulike aktivitetar som til dømes å lage podcast, skrive lesarbrev og lage ein mini-dokumentar om miljøutfordringar i lokalmiljøet og kva som kan gjerast. Elevane kan få inspirasjon gjennom prosjektet «Light lines» som brukar kreative verkemiddel for å få frem bodskapen om klimautfordringar og naturvern, med fjella som omkransar Sogn.

 
 
«Du har to primære valg i livet;​
du kan velge å akseptere tingenes tilstand​ eller du kan velge å ta ansvaret for å gjøre noe med det»
— Denis Waitley
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 10. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 10. klasse det eine året til 10. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

9. trinn