5. trinn
Tema: kjensler
Kva fortel kjenslene oss? Kva kjensler kan de namnet på? Kan ein forandre kjensler? Korleis? Er det lett å vite kva ein føler? Kvifor blir me redde? Korleis heng tankane våre saman med kjenslene våre? Dette er spørsmål elevane skal få diskutere og lære meir om i desse øktene. Det er og aktivitetar som kjenslestafett, teikneoppgåver, rollespel, avspenning, vennebingo og lag ei vermelding for ulike kjensler.
-
Aktuelle kompetansemål etter 7. trinn
KRLE
bruke filosofiske tenkjemåtar i samtale og undring
utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytt til kvardags- og samfunnsutfordringar
Samfunnsfag
reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunnet kan handtere konfliktar
utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
Norsk
lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
utforske og reflektere over samanhengen mellom språk og identitet
-
“Man kan få ut ting man har hatt inni seg. Hvis ikke man gjør det, får man en klump i magen eller i halsen. Med den klumpen er det vanskelig å holde fokus”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 5. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 5. klasse det eine året til 5. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.