6. trinn

Tema: kjensler

Korleis verkar hjernen? Kva fortel kjenslene oss? Kva ein kan gjere om ein gruar seg til noko? Kva skjer i kroppen når ein blir sint? Kven kan ein snakke med om ein ikkje har det så bra? Dette er spørsmål elevane skal få diskutere og lære meir om i desse øktene. I tillegg er det aktivitetar som rollespel, pusteøvingar, tema kjensler og kroppsspråk og finn ein song som gjer deg glad.

  • Aktuelle kompetansemål etter 7. trinn

    KRLE

    • bruke filosofiske tenkjemåtar i samtale og undring

    • utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytt til kvardags- og samfunnsutfordringar​

    Samfunnsfag

    • reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunnet kan handtere konfliktar​

    • utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap​

    Norsk

    • lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar​

    • utforske og reflektere over samanhengen mellom språk og identitet

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more
 
 
Man kan få ut ting man har hatt inni seg. Hvis ikke man gjør det, får man en klump i magen eller i halsen. Med den klumpen er det vanskelig å holde fokus
— Skuleproffar i Forandringsfabrikken
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 6. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 6. klasse det eine året til 6. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

5. trinn

Neste
Neste

7. trinn