5. trinn

Tema: kropp

I undervisninga om kropp vil elevane få kunnskap om kva kroppen fortel oss, kva som skjer i puberteten og korleis vi kan gjere alt som skjer i puberteten enklare å snakke om og oppleve. Det er og undervisning om seksuelle overgrep og “grooming”. Her bør helsesjukepleiar vere til stades. De skal og snakke om samtykke, berøringar og intimsone. Kvar går grensa?

 
 
«Snakk med barn om retten til å sette grenser og om seksuelle overgrep»
— reddbarna.no/Bli med, sei#EgErHer!
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 5. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 5. klasse det eine året til 5. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

4. trinn

Neste
Neste

6. trinn