6. trinn
Tema: mangfald
Elevane skal utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap, dei skal drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og snakke om korleis vi kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering. Kva betyr mangfald? Kva er rasisme? Kva betyr likeverd? Kva er Pride? Kvifor er det viktig og bra med eit mangfaldig samfunn? Er døme på spørsmål elevane skal snakke om. Undervisninga legg og vekt på språkbruk: Kva gode og vonde ord brukar elevane i kvardagen? Kva betyr orda? Kva ord er krenkande? Korleis påverkar språkbruk oss på skulen, som fellesskap og samfunn? Det er ulike aktivitetar som gir elevane øving i å vise forståing og respekt for ulikskap som til dømes oppdrag for inkludering og mangfald og lage plakat som viser at alle er velkomne og respektert. Elevane skal reflektere over kva det betyr for dei at alle rundt akseptera dei slik dei er, korleis kan ein kjenne seg dersom ein ikkje blir akseptert som den ein er? Kva kan ein gjere som viser at ein respektera andre slik dei er? og kva kan vi gjere dersom vi ser at nokon blir mobba for å vere annleis? Du kan elske den du vil, og det er ikkje lov at nokon skal bestemme kven ein skal vere i lag med.
«Ingen blir født med et hat mot andre på grunn av hudfargen deres, bakgrunnen deres eller religionen deres. Hat må læres, og hvis folk kan lære å hate, kan de også lære å elske, for kjærlighet faller mer naturlig for menneskehjertet enn hatet gjør»
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 6. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 6. klasse det eine året til 6. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.
-
Last ned undervisningsøkta her
Lærarrettleiing kjem seinare
-
-
-