7. trinn

Tema: mangfald

Elevane skal utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap. Dei skal drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og snakke om korleis vi kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering. Dei skal reflektere over korleis kjønn, legning og identitet blir opplevd og uttrykt. Kan ein berre velje kven ein er? Kva kan ein ikkje bestemme sjølv? Korleis trur de det kjennest når noko som er ein del av kven ein er, blir brukt som eit skjellsord? Kvifor er det viktig å markera Pride? Kva haldningar og handlingar viser at ein respekterer andre slik dei er? Kva er fordommar og kvar kjem dei frå, trur de? Kva kan konsekvensane vere av fordommar? Kva er bra med at vi alle er ulike? Kan du sjå på utsida kven nokon er på innsida? Elevane skal velje seg ulike oppdrag knytt til inkludering og mangfald, ha rollespel, leik og lage plakatar som viser at alle er aksptert. Kva betyr det å diskriminere? Korleis vere ein god anti- rasist og kva er menneskeverd? Dei skal kome fram til éin ting dei kan seie eller gjere som kan bidra til mindre rasisme, og til meir likeverd og inkludering og reflektere over kvifor det kan vere sårande viss ein kallar ein bestemt farge for hudfarge.

 
 
«Ingen blir født med et hat mot andre på grunn av hudfargen deres, bakgrunnen deres eller religionen deres. Hat må læres, og hvis folk kan lære å hate, kan de også lære å elske, for kjærlighet faller mer naturlig for menneskehjertet enn hatet gjør»
— Nelson Mandela
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 7. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 7. klasse det eine året til 7. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

6. trinn

Neste
Neste

8. trinn