4. trinn
Tema: Rus
Første økta handlar om rus i heimen. De bør vere to vaksne og helsesjukepleiar bør vere tilgjengeleg etter økta. Elevane skal lære om at alle barn har rett på ein trygg heim og at det er viktig å seie ifrå viss dei ikkje har det godt heime. Samtale om rus: Har de høyrd om rus før? Dei skal sjå ein filmsnutt der barn vert intervjua om alkohol, diskutere ulike påstandar, til dømes: Ein kan vere veldig glad i og veldig sint på nokon samtidig. Repetere kva skilnaden er på ein god og ein vond hemmelegheit og kva ein trygg vaksen er, teikne eit draumehus og lage teikneserie. Økt 2 handlar om avhengighet, kva treng vi i livet for å ha det godt? Her er det ulike dilemma, teikneoppgåve og leik. Det er nok innhald i dei to øktene til å jobbe med tema kvar veke i april. Bruk tid der elevane vert engasjerte.
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 4. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 4. klasse det eine året til 4. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.