5. trinn
Tema: Rus
Elevane skal m.a. snakke om kva det betyr å vere avhengig av noko, kva vi er avhengige av, kva vi kan bli avhengig av som ikkje er bra for oss, kva skjer i hjernen når ein er avhengig av noko, kva er lovlege rusmiddel ein kan bli avhengig av og kva ulovlege rusmiddel finst. Aktivitetar i øktene er m.a. å lage ein behovspyramide, diskutere ulike påstandar, gruppepress: øve seg på å seie nei og i den siste økta skal dei lage eige stigespel som symboliserer livet – med oppturar, nedturar, utfordringar og flaks. Økt 3 handlar om å vekse opp i ein heim med rus, i denne økta bør de vere to vaksne og helsesjukepleiar bør vere tilgjengeleg etter økta.
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 5. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 5. klasse det eine året til 5. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.
-
-
-
-
Last ned undervisningsøkt med malar her
Økta er ein aktivitet der elevane skal lage stigespel i grupper. Sjå om økta er passande for di klasse, og kor lang tid dei vil trenge for å gjennomføre aktiviteten. Krever nok noko forberedelse med å skrive ut malar til spelebrett og brikkar.