samarbeidskultur

Samarbeidet mellom foreldre og tilsette har mykje å seie for korleis barnet oppleve kvardagen i barnehagen. Forsking viser at jo betre forhaldet mellom dei tilsette og foreldrene er, dess betre blir relasjonen mellom dei tilsette og barnet. Kva inneber eigentleg eit godt samarbeid og kva kan foreldre tilføre barnehagekvardagen?

Jo betre forhold foreldra har til kvarandre, dess betre får barna det. Det skal ikkje så mykje til for å skape ei enda tryggare ramme rundt barnehagekvardagen. For nokon held det med eit hei (Foreldreutvalet for barnehager).

    • Foreldreutvalget for barnehager: Hvorfor bør man si “hei” til andre foreldre?

      • Jo betre forhald du har til dei andre foreldra i barnehagen, dess betre får barna det. Kvifor bør ein helse på andre foreldre? Filmen viser eit godt døme.

    • Blå Kors Norge: Har du plass til en til?

      • Utanforskap har store konsekvensar og kan ramme alle. Ved å løfte blikket og strekke ut ei hjelpande hand til familien, hjelper du og barnet. Alle treng å bli sett, også dei vaksne. Saman kan vi bygge eit meir inkluderande samfunn.

    • Kva er eit godt samarbeid mellom heimen og barnehagen for deg?

    • Kva skaper godt samarbeid mellom føresette og barnehagen?

    • Kva kan du bidra med for å skape eit godt samarbeid med barnehagen?

    • Kva kan du gjere for å få god dialog og godt samarbeid med dei andre føresette på avdelinga til barnet ditt?

    • Kva kan du gjøre for å bli kjent med foreldra du ikke kjenner så godt fra før?

    • Korleis kan vi støtte kvarandre som foreldre når det oppstår utfordringar?

    • Kva køyrereglar ønsker vi for kommunikasjon foreldre seg i mellom?

    • Kva er vi gode på i barnehagen når det gjeld foreldrenettverk?

    • Kva skal til for at vi får eit enda betre foreldrenettverk i barnehagen/på avdelinga vår?

  • Case:

    Ved levering ein torsdags morgon kjem både Per og Kari samstundes i garderoben. Mammaen til Per utrykker at det har vore ei tøff natt der Per har vore vaken fleire gonger, og kasta opp ein gong. Mor meiner det kom av for mykje kake i bursdagsfeiringa dei var på i går, men at han no er i heilt fin. Ho seier ho må skunde seg for å rekke møte på jobb og vinkar hadet til Per. Pappaen til Kari høyrer alt, og vert bekymra for at ferieturen deira til helga kan verte øydelagt av sjukdom og oppkast.

    Diskuter:

    • Bør Per vere i barnehagen denne dagen?

    • Er det greitt, og på kva måte tykkjer de at føresette kan lufte bekymringar/gi tilbakemeldingar til andre foreldre at noko har skjedd?

    • Korleis kan de føresette bidra til at det blir lettare å ta kontakt på ein god måte?

  • Samarbeidskultur: Last ned økta her

    Økta inneheld forslag til korleis de kan gjennomføre foreldremøte med tema samarbeidskultur. Den inneheld forslag til førebuing, organisering og innhald til sjølve møte. Her kan de plukke det som passar barnehagen din, det er ikkje meininga å rekke gjennom alt på eit møte.

 Tema på foreldremøte