5. trinn
Tema: verdiar og val
I øktene vert elevane kjent med verdiar som er viktige i det norske samfunnet som til dømes demokrati, likestilling, likeverd, rettferd, respekt for andre og ytringsfridom. Dei skal snakke saman om kva det betyr å ha verdiar, kva verdiar dei trur gjer verda til ein betre stad, korleis kan vi ta gode val for naturen og kva verdi har naturen for oss menneske? Kva skjer med naturen viss vi ikkje tek vare på han? og kva er naturmangfald? Påstandøving, dilemma, tenkestund, stolleiken med ein vri, lage ei teikning som viser at “eg er meir enn det du ser” og lage miljøløfte er døme på aktivitetar i øktene.
-
Aktuelle kompetansemål etter 7. trinn:
Samfunnsfag
Drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
Samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land
Reflektere over korleis kommersiell påverknad kan verke inn på forbruk, personleg økonomi og sjølvbilete
Utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra
Gi døme på kva lover, reglar og normer er og kva slags funksjon dei har i samfunn, og reflektere over konsekvensar av å bryte dei
Norsk
Lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
KRLE
Utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytte til kvardags- og samfunnsutfordringar
Naturfag
Gjere greie for betydninga av biologisk mangfald og gjennomføre tiltak for å bevare det biologiske mangfaldet i nærmiljøet
Frå det tverrfaglege emne Demokrati og medborgarskap:
Opplæringa skal gi elevane forståing for samanhengen mellom demokrati og sentrale menneskerettar som ytringsfridom, stemmerett og organisasjonsfridom. Dei skal få innsikt i at demokratiet har ulike former og uttrykk. -
Skolen skal gi elevane moglegheit til å medverke og til å lære kva demokrati betyr i praksis. Skolen skal fremje demokratiske verdiar og haldningar som motvekt mot fordommar og diskriminering. Skolen skal òg skape respekt for at menneske er ulike, og at elevane skal lære å løyse konfliktar på ein fredeleg måte. Likeverd og likestilling er verdiar som er kjempa fram gjennom historia, og som framleis må takast vare på og styrkjast. Skolen skal formidle kunnskap og fremje haldningar som sikrar desse verdiane. Barn og unge skal handtere dagens og morgondagens utfordringar, og vår felles framtid er avhengig av at kommande generasjonar tek vare på kloden (Overordna del - verdiar og prinsipp for grunnopplæringa i læreplanverket.)
«Whatever it is, the way you tell your story online can make all the difference.»
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 5. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 5. klasse det eine året til 5. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.