7. trinn

Tema: verdiar og val

Elevane skal lære om kva verdiar er​, reflektere over kva det betyr å gjere noko for andre​ og korleis verdiar kan hjelpe oss til å ta val som kjennes riktige. Korleis veit vi kva som er rett og gale? ​ Dei skal ta stilling til ulike påstandar og diskutere: Er det enkelt å ta eigne val? Elevane får innsikt i kva likestilling og likeverd betyr.​ Kva trur de om likestilling i Noreg? Er det noko forskjell frå resten av verda?​ Kva er FNs berekraftsmål? Elevane skal reflektere rundt eigne haldningar og fordommar og snakke saman om korleis vi kan ta gode val for naturen og kva verdi naturen har for oss menneske? ​Kva skjer med naturen viss vi ikkje tek vare på han? og kva er naturmangfald?Elevane skal lage eiga verdiliste, ha yogaleik “krabben” og ulike påstandsaktivitetar.

 
«Det norske fellesskapet er et skjold som beskytter de norske verdiene. Og fellesskapet er også vår bro til nye perspektiver, ideer og fortellinger»
— Jonas Gahr Støre 2025
 

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 7. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 7. klasse det eine året til 7. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

6. trinn

Neste
Neste

8. trinn