8. trinn

Tema: mangfald

Undervisninga handlar om viktige verdiar som likeverd, forståing, aksept, fellesskap, respekt og solidaritet - eit inkluderande samfunn med rom og plass til alle. Elevane skal forstå dilemma som ligg i å anerkjenne både retten til fleirtalet og rettane til mindretalet. Kva legg de i mangfald og kva betyr det å ha fordommar? Kva kan vi lære av menneske som er ulike oss sjølve? Kva er mobbing? Kva sosiale mekanismer kan føre til ekskludering og dårleg klassemiljø og kva kan vi gjere med det? Er nokon av spørsmåla elevane skal reflektere over. Dei skal leite i media etter fordommar og diskriminering i Noreg og verda og finne forslag til kva samfunnet og enkeltpersonar kan motverke det? Undervisninga tek opp spørsmål som: Kva handlingar og haldningar skapar tryggleik og aksept? Kva delar av identiteten din kan endre seg – og kva er meir statisk? Korleis trur du det er for andre å bli dømd for kven dei er? Kva gjer de viss de oppdaga at nokon blir diskriminert, mobba eller dømd av andre på bakgrunn av kven dei liker? Korleis påverkar internett og sosiale medium haldningane våre? og kva kan ein gjere om ein oppdaga rasistiske forum, eller hatefulle ytringar? Det er og aktivitetar og leik knytt til tema.

«Ingen blir født med et hat mot andre på grunn av hudfargen deres, bakgrunnen deres eller religionen deres. Hat må læres, og hvis folk kan lære å hate, kan de også lære å elske, for kjærlighet faller mer naturlig for menneskehjertet enn hatet gjør»
— Nelson Mandela

Forslag til ulike økter

Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 8. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 8. klasse det eine året til 8. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

7. trinn

Neste
Neste

9. trinn