9. trinn
Tema: mangfald
I følge Utdanningsdirektoratet skal barnehagen og skulen ta omsyn til mangfaldet av barn og unge, og legge til rette for at alle får oppleve å høyre til. Å markere Pride vil vere ei god anledning til å løfte felles verdiar som barnehage og skule bygger på. Overordna del av læreplanverket seier at skulen skal formidle kunnskap og fremme haldningar som sikrar likeverd og likestilling.
-
Kompetansemål etter 10. trinn
Samfunnsfag
reflektere over likskapar og ulikskapar i identitetar, levesett og kulturuttrykk og drøfte moglegheiter og utfordringar ved mangfald
reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar
drøfte korleis framstillingar av fortida, hendingar og grupper har påverka og påverkar haldningane og handlingane til folk
reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
beskrive sentrale lover, reglar og normer og drøfte kva konsekvensar brot på desse kan ha for den enkelte og for samfunnet på kort og lang sikt
KRLE
utforske perspektiva til andre og handtere usemje og meiningsbryting
reflektere over eksistensielle spørsmål knytte til det å vakse opp og leve i eit mangfaldig og globalt samfunn
-
“Ingen blir født med et hat mot andre på grunn av hudfargen deres, bakgrunnen deres eller religionen deres. Hat må læres, og hvis folk kan lære å hate, kan de også lære å elske, for kjærlighet faller mer naturlig for menneskehjertet enn hatet gjør”
Forslag til ulike økter
Under finn de forslag til undervisningsmateriell for 9. trinn. Øvingane er tilpassa alder og utviklingsnivå, samstundes veit me at det er store variasjonar innad i ei klasse, eller frå 9. klasse det eine året til 9. klasse eit anna år. Gjer difor dei justeringane du meiner er naudsynt for at oppgåvene skal passe klassa di.
-
Last ned undervisningsøkta her
Lærarrettleiing kjem seinare
Sjå Dembra sitt undervisningsopplegg:
Hva er greit å si? Fordommer og stereotypier -
-
Last ned undervisningsøkta her
Lærarrettleiing kjem
Relevante ressursar
Sjå Dembra sitt undervisningsopplegg
Rasisme i Norge før og nå. -