Verdiar og val
Skolen skal gi elevane moglegheit til å medverke og til å lære kva demokrati betyr i praksis. Skolen skal fremje demokratiske verdiar og haldningar som motvekt mot fordommar og diskriminering. Skolen skal òg skape respekt for at menneske er ulike, og at elevane skal lære å løyse konfliktar på ein fredeleg måte. Likeverd og likestilling er verdiar som er kjempa fram gjennom historia, og som framleis må takast vare på og styrkjast. Skolen skal formidle kunnskap og fremje haldningar som sikrar desse verdiane. Barn og unge skal handtere dagens og morgondagens utfordringar, og vår felles framtid er avhengig av at kommande generasjonar tek vare på kloden (Overordna del - verdiar og prinsipp for grunnopplæringa i læreplanverket.)